The LiederNet Archive
WARNING. Not all the material on this website is in the public domain.
It is illegal to copy and distribute our copyright-protected material without permission.
For more information, contact us at the following address:
licenses (AT) lieder (DOT) net

Trudom

Language: Norwegian (Nynorsk)

Guds rike er eit fredens rike,
men det til ufred vendest om.
Der førest strid forutan like,
so nåden fær så lite rom.
Dei beste livet lata må
fordi dei meir enn andre sjå.

So må vår Herre sjå på sine
at dei kvarandre hata vilt;
kven skal han kunna kalla "mine",
når deira hjarta er so ilt,
at dei fordøma utan von,
og drepa sjølv hans eigen son?

Kver trur han trur det eine rette,
og ferer fram i vilska fort,
so liggja folk i strid om dette,
til den dei tru på, reint kjem bort;
dei slåst om Gud og sannings heim,
til lygnis fader teker deim.

Gud vil oss endå nådig hyrda,
og sist frå vilska få oss bort;
han veit, at om vi broder myrda,
so for hans skuld det alt vert gjort,
i nåde den han tenkjer på,
som drap for himlen sjølv å få.


E. Grieg sets stanzas 1, 4

Submitted by Emily Ezust [Administrator]

Authorship


Musical settings (art songs, Lieder, mélodies, (etc.), choral pieces, and other vocal works set to this text), listed by composer (not necessarily exhaustive)


Text added to the website between May 1995 and September 2003.

Last modified: 2014-06-16 10:01:53
Line count: 24
Word count: 150

Gentle Reminder
This website began in 1995 as a personal project, and I have been working on it full-time without a salary since 2008. Our research has never had any government or institutional funding, so if you found the information here useful, please consider making a donation. Your gift is greatly appreciated.
     - Emily Ezust

Browse imslp.org (Petrucci Music Library) for Lieder or choral works