The LiederNet Archive
WARNING. Not all the material on this website is in the public domain.
It is illegal to copy and distribute our copyright-protected material without permission.
For more information, contact us at the following address:
licenses (AT) lieder (DOT) net

Den snilde Guten

Language: Norwegian (Nynorsk)

Det er han Jon, som gjætte her til no,
den eldste Son hans Aamund upp i Brôte;
dei øygnar Garden langt burti ei To,
som hev seg inn i bratte Berget skoti.
No er han glad, for her han skal ifraa;
han er alt vaksen og skal ut og slaa.

Hans unge Andlit er so godt og rundt,
med ljose Luggen tett um Panna vunden;
paa Lippa gror eit Dun so let tog tunt,
og kvite smiler Tennerne i Munnen.
Som Killing lett han hoppar Stokk og Stein
og synger kvat og lær aat alle Mein.

No skal han fylgja denne fyrste Ykti
og visa henne Veg og Merke-Lei,
so ho kan kjenna denne ville Hei
som aldri noko Folk hev butt hell bygt i.
Med nye Buskap maa ho og bli kjend;
til framand seint vert Dyrehugen vend.

So driv dei Buskap fram i Morgon klaare,
i Luft so rein som aldri fyrr ho saag;
det er som Ur og Koll forsonad laag
i Glans av dette Ljos fraa Himlen bôre.
Ho drikk den lette Luft i djupe Drag
og sygar Liv av denne Herrens Dag.

Han syng og blistrar, driv, og stunfom røder,
halvt gutebljug, halvt mannsleg klok og kaut;
det gjeng um Ver og Vind og Sol som gløder,
um Fjelli her og desse snilde Naut.
Han mangt fortel um kvart og eit av Dyri.
Men mest han veit um »Dokka«, Bjøllekyri.

Og fri og glad og reint som kjend ho blir
og svallar med i denne gode Trygdi;
han hev kje denne halve, kalde Flir
som desse tunge Gutar nedi Bygdi.
Han nemner henne beint og godt og greit;
Haugtussa-Namne visst han aldri veit.

Han syner henne Gjætle-Berg og Bekk
og Svartedalen lang med Kvervesteinen,
som stundom snur seg, plent som Liv han fekk,
og Skare-Ufs, der Farfar hans skaut Reinen.
Men der i grøne, svale Bjørkeli,
der hev det ein gong vori Bjønnehi.

Ho spør som halvt i Skjemt, um her er Troll;
»aa ja,« han svarar utan Spott i Tanke;
»det bur nok sumt i baade Kuv og Koll;
men meir det sviv ikring paa Videvanke.«
Og no ho vita fær, at Jon er klok;
han grev i Kufta si og finn - ei Bok.

»Kan hende trur du kje at slikt kan finnast?«
- det kjem eit Mistru-Drag um Munnen fjaag -;
»men meir en ein eg veit, som væl kan minnast
at slike Ting han klaart med Augo saag.
Og her i denne Bok, eg eingong fann,
du skal faa sjaa, at denne Tru er sann.«

Det er so knapt ho kan si Glede styra.
Att-under Stein dei set seg baae tvo
her Ku og Smale gjeng so godt i Ro,
so no dei kan seg trygt med Kunskap hyra.
Ho ser paa Jon med mjuke Augnelag.
At Dreng kan vera ven ho veit i Dag.

Han les i Boki, svart som bakt i Jord,
So radt og greidt, han trur mest aldri stikta;
der stend um Nøkk og Troll med reine Ord,
og daa me veit, det kan kje vera dikta.
Kvart Ord ho syp og lyer trutt og ant
og lær og ropar: »sjaa um d'er kje sant!«

No kan dei lengje nok faa læ og flira;
det stend i Boki; og han Jon det trur!
- So glade sit dei saman der i Ur,
og Sogur gjeng, og der tarv ingen fira.
Og Nistematen saman gneg dei paa;
Jon sit og sit og gløymer reint aa gaa.

Med Undring høyrer han det store Ord,
at um han Tagnad tru vil ærleg lova,
so er ho sjølv av desse faa paa Jord,
som hev den underfulle Synegaava.
Han gjev si Hand. Av Vyrdnad er han fyllt.
Og alt ho no fortèl. Han er som tryllt.

So lid det til; dei tenkja maa paa Klokka.
Det er alt seint; ho er visst mote sju.
For siste Gong han helsar Sau og Ku
og kjæler kjærleg for den blide »Dokka«.
So maa han gaa. Aaleine stend ho der.
- Men Dokka fekk fraa same Stund ho kjær.


Submitted by Emily Ezust [Administrator]

Authorship


Musical settings (art songs, Lieder, mélodies, (etc.), choral pieces, and other vocal works set to this text), listed by composer (not necessarily exhaustive)


Text added to the website: 2008-08-21.
Last modified: 2014-06-16 10:02:52
Line count: 84
Word count: 675

Gentle Reminder
This website began in 1995 as a personal project, and I have been working on it full-time without a salary since 2008. Our research has never had any government or institutional funding, so if you found the information here useful, please consider making a donation. Your gift is greatly appreciated.
     - Emily Ezust

Browse imslp.org (Petrucci Music Library) for Lieder or choral works