by Arne Garborg (1851 - 1924)
Den snilde Guten
Language: Norwegian (Nynorsk)
Det er han Jon, som gjætte her til no, den eldste Son hans Aamund upp i Brôte; dei øygnar Garden langt burti ei To, som hev seg inn i bratte Berget skoti. No er han glad, for her han skal ifraa; han er alt vaksen og skal ut og slaa. Hans unge Andlit er so godt og rundt, med ljose Luggen tett um Panna vunden; paa Lippa gror eit Dun so let tog tunt, og kvite smiler Tennerne i Munnen. Som Killing lett han hoppar Stokk og Stein og synger kvat og lær aat alle Mein. No skal han fylgja denne fyrste Ykti og visa henne Veg og Merke-Lei, so ho kan kjenna denne ville Hei som aldri noko Folk hev butt hell bygt i. Med nye Buskap maa ho og bli kjend; til framand seint vert Dyrehugen vend. So driv dei Buskap fram i Morgon klaare, i Luft so rein som aldri fyrr ho saag; det er som Ur og Koll forsonad laag i Glans av dette Ljos fraa Himlen bôre. Ho drikk den lette Luft i djupe Drag og sygar Liv av denne Herrens Dag. Han syng og blistrar, driv, og stunfom røder, halvt gutebljug, halvt mannsleg klok og kaut; det gjeng um Ver og Vind og Sol som gløder, um Fjelli her og desse snilde Naut. Han mangt fortel um kvart og eit av Dyri. Men mest han veit um »Dokka«, Bjøllekyri. Og fri og glad og reint som kjend ho blir og svallar med i denne gode Trygdi; han hev kje denne halve, kalde Flir som desse tunge Gutar nedi Bygdi. Han nemner henne beint og godt og greit; Haugtussa-Namne visst han aldri veit. Han syner henne Gjætle-Berg og Bekk og Svartedalen lang med Kvervesteinen, som stundom snur seg, plent som Liv han fekk, og Skare-Ufs, der Farfar hans skaut Reinen. Men der i grøne, svale Bjørkeli, der hev det ein gong vori Bjønnehi. Ho spør som halvt i Skjemt, um her er Troll; »aa ja,« han svarar utan Spott i Tanke; »det bur nok sumt i baade Kuv og Koll; men meir det sviv ikring paa Videvanke.« Og no ho vita fær, at Jon er klok; han grev i Kufta si og finn - ei Bok. »Kan hende trur du kje at slikt kan finnast?« - det kjem eit Mistru-Drag um Munnen fjaag -; »men meir en ein eg veit, som væl kan minnast at slike Ting han klaart med Augo saag. Og her i denne Bok, eg eingong fann, du skal faa sjaa, at denne Tru er sann.« Det er so knapt ho kan si Glede styra. Att-under Stein dei set seg baae tvo her Ku og Smale gjeng so godt i Ro, so no dei kan seg trygt med Kunskap hyra. Ho ser paa Jon med mjuke Augnelag. At Dreng kan vera ven ho veit i Dag. Han les i Boki, svart som bakt i Jord, So radt og greidt, han trur mest aldri stikta; der stend um Nøkk og Troll med reine Ord, og daa me veit, det kan kje vera dikta. Kvart Ord ho syp og lyer trutt og ant og lær og ropar: »sjaa um d'er kje sant!« No kan dei lengje nok faa læ og flira; det stend i Boki; og han Jon det trur! - So glade sit dei saman der i Ur, og Sogur gjeng, og der tarv ingen fira. Og Nistematen saman gneg dei paa; Jon sit og sit og gløymer reint aa gaa. Med Undring høyrer han det store Ord, at um han Tagnad tru vil ærleg lova, so er ho sjølv av desse faa paa Jord, som hev den underfulle Synegaava. Han gjev si Hand. Av Vyrdnad er han fyllt. Og alt ho no fortèl. Han er som tryllt. So lid det til; dei tenkja maa paa Klokka. Det er alt seint; ho er visst mote sju. For siste Gong han helsar Sau og Ku og kjæler kjærleg for den blide »Dokka«. So maa han gaa. Aaleine stend ho der. - Men Dokka fekk fraa same Stund ho kjær.
Authorship:
- by Arne Garborg (1851 - 1924), "Den snilde Guten", appears in Haugtussa, in 9. Sumar i Fjelle, no. 2, first published 1895 [author's text checked 1 time against a primary source]
Musical settings (art songs, Lieder, mélodies, (etc.), choral pieces, and other vocal works set to this text), listed by composer (not necessarily exhaustive):
- by Edvard Grieg (1843 - 1907), "Den snilde Guten", EG 152 no. 9 (1895). [text verified 1 time]
Researcher for this text: Emily Ezust [Administrator]
This text was added to the website: 2008-08-21
Line count: 84
Word count: 675