The LiederNet Archive
WARNING. Not all the material on this website is in the public domain.
It is illegal to copy and distribute our copyright-protected material without permission.
For more information, contact us at the following address:
licenses (AT) lieder (DOT) net

Hardt å halda ut

Language: Norwegian (Nynorsk)

Hardt å halda ut:
enno ingen Gut!
Det er langt so lenge vona!
Mangein Gut saag eg,
som saag blidt paa meg,
men han tok meg ikkje til si Kona.

Det eg lært har no,
Gutar tidast glo
paa den Gjenta, som fær ganga.
Det er Orens Lag,
med eit Augnedrag
ned mot Jord at sjaa, naar han vil stanga.

Ung var eg ein Gang
full af Dans og Sang,
som den friske Blom eg blømde;
Gutar raudnad' daa,
naar dei paa meg saa;
men eg eldest, og dei fraa meg rømde.

Kvende var eg greidt: 
gret og lo i Eit;
Blom fraa Blom med Gull paa Vænger, 
som eit Fivreld eg
sauk og solad meg;
men so vardt dei rædde meg, dei Drenger.

Ja, dei Drenger er'
blinde paa si Ferd,
stupa derfor tidt i Laupet. 
Mangein spræker Karl 
gifter seg for Gard,
fær so ataat Gaase med paa Kaupet.

Eg gjekk i den Tru:
er no berre du 
gild, so vil deg Gutar hava. 
Leik lik Soli paa 
Havets Bylge blaa,
up fraa Djupet Mannens Aand vil kava.

Heile Verden seg 
knear ned sor deg:
eg som alle Unge trudde;
men alt efter som 
eg meg vende om, 
vardt hun vrang, og Ryggen aat meg snudde.

Livet er so gjævt, 
ja, so haagt og hævt,
at det Jngen kan fortelja.
Med hver Dag og Kveld 
Prisen noket fell,
til vi for eit Gjevakauv det selja.

Ragnhild ho var klok,
som sin Gunnar tok,
om han enn vardt tallad' "Knoken".
Havde ogso eg 
tenkt som so med meg:
"Best at bita paa den fyrste Kroken!"

Tyngst at halda ut 
er den Gjente-Sut, 
ut af Mange Ein at taka.
So eg Sorgen flapp, 
at eg Alle glapp;
soleids skulde Lagnaden det maka.

Baade eg og du 
maa vaa Lagi tru,
skal vi halda ut at bida.
Gjenom alle Raad 
gjeng ein løynlig Traad, 
anten vi faa gledas eller lida.

Einsam paa min Veg 
slit og strævar eg, 
men det kan so litet muna.
Største Blomen maa 
altid stydjas paa: 
Gjenta skaptes til at vera Kona.

Om ei Mann eg sekk,
som eg ester gjekk,
sekk eg endaa meg ein Broder.
God og blid eg daa 
skal for Andres Smaa 
og sor hver, som lider, vera Moder.

Lat so Andre daa 
seg ein Kjærast saa! 
Eg skal ingen Ovund bera. 
Var meg Verden harm,
eg skal i min Barm 
meg det beste Himmerike gjera.

Von er enno her: 
endaa Baaten ber, 
om det slitas maa med Austen.
Enno koma kan 
han, som verdt min Mann:
Beste Ber verdt plukkad' seint om Hausten.


Translation(s): ENG FRE

List of language codes

E. Grieg sets stanzas 1, 3, 9

About the headline (FAQ)

View text with footnotes

Submitted by Emily Ezust [Administrator]

Authorship


Musical settings (art songs, Lieder, mélodies, (etc.), choral pieces, and other vocal works set to this text), listed by composer (not necessarily exhaustive)

Available translations, adaptations, and transliterations (if applicable):

  • ENG English (Nigel Parker) , title 1: "The spinster", copyright © 2010, (re)printed on this website with kind permission
  • FRE French (Français) (Pierre Mathé) , title 1: "La vieille fille", copyright © 2012, (re)printed on this website with kind permission


Text added to the website between May 1995 and September 2003.

Last modified: 2014-06-16 10:01:53
Line count: 90
Word count: 431

Gentle Reminder
This website began in 1995 as a personal project, and I have been working on it full-time without a salary since 2008. Our research has never had any government or institutional funding, so if you found the information here useful, please consider making a donation. Your gift is greatly appreciated.
     - Emily Ezust

Browse imslp.org (Petrucci Music Library) for Lieder or choral works