by Elias Blix (1836 - 1902)
Modersmaalet
NOTE: the footnotes have been removed from this text; return to general view
Language: Norwegian (Nynorsk)
Moder er eit heilagt ord, hjartat kjært aa höyra, leikar alle folk paa jord sælt i hug og öyra. Kvar, som moders namn hev lært, skal og halda dyrt og kjært moders ord og minne. Modersmaal er beste arv, mor oss kunde giva. Medan mange Minne kvarv, hennar ord vil liva: fraa ho ved di vogga song, til ho deg den sidste gong döyande velsignad. Maal med Malm og Tone full Av vaar Mor me lærde. Men det dyre Ervegull Mold og Rust daa tærde. I den lange Folkenatt Arge Dvergar tok vaar Skatt Og grov ned i Jordi. Daa me stod ei Morgonstund Upp or Draum og Dvale, Strøymde gjenom Bok og Munn Mot oss framand Tale. Me som Israel fekk sjaa, At alt Landet lyda maa Folk med framand Tunga. Maalet var daa ikkje gløymt, Smaafolk enn det talar. Ervegullet godt var gjøymt Djupt i Norigs Dalar. No me grev det fram or Mold, Enno paa vaart Ættarskjold Gullet godt kann glima. Kom daa, lat oss alle mann reisa modersmaalet, lyfta kvar so godt me kann, slipa det som staalet! Millom alle folk paa jord dyre var dei modersord. Lat og oss det sanna!
C. Sinding sets stanzas 1-2, 6
Text Authorship:
- by Elias Blix (1836 - 1902), "Modersmaalet", appears in Salmar og Songar, first published 1900 [author's text checked 1 time against a primary source]
Go to the general view
Researcher for this text: Emily Ezust [Administrator]
This text was added to the website: 2009-07-25
Line count: 42
Word count: 197