by Arne Garborg (1851 - 1924)
Sporven
NOTE: the footnotes have been removed from this text; return to general view
Language: Norwegian (Nynorsk)
Our translations: FRE
Smaa-Sporven gjeng i Tune og tippar Korn og ribbar Straa og hev so god ein Une og lær aat Katten graa. Pip, pip, det so seg lagar alle Dagar, at Monsemann meg jagar, men kan meg aldri faa. Eg er so lett paa Vengen, og Mons maa sleikja seg um Trut; kvitt, kvitt, den gamle Drengen, han fekk so mang ei Sut. Og um i vide Ringar Hauken svingar, eg burt meg kverv og kringar og slepp av Leiken ut. Eg liver Dagar lette og er fornøgd, aa ja, aa ja! Kvar dag eg fær min Mette som eg det best vil ha. Pytt, pytt, tarv aldri røa! Nok i Løa! Der ligg den rike Grøda; der kan eg berre ta. Og tidt eg fær i Joli ein Godbit fin av Veslemøy; og frys det, hev eg Skjol i det gode varme Høy. Og so - kvitt-kvitt, gomaar'n! so kjem Vaaren; daa fri paa Vengen bôren eg byggjer Reir paa Øy.
View text with all available footnotes
Researcher for this text: Emily Ezust [Administrator]
Text Authorship:
- by Arne Garborg (1851 - 1924), "Sporven", appears in Haugtussa, in 1. Heime, no. 4, first published 1895 [author's text checked 1 time against a primary source]
Go to the general view
Researcher for this text: Emily Ezust [Administrator]
This text was added to the website: 2008-08-21
Line count: 32
Word count: 161