by Ivar Andreas Åsen (1813 - 1896)
Dei segja no, verdi skal vera so vond
Language: Norwegian (Nynorsk)
Dei segja no, verdi skal vera so vond, og sant nog det ofta kann finnast; men vistnog me sågo ei fagnadfull stund langt oftar', en sjølve me minnast. Me tenkja for kort og venta for stort, og difyre kjenna me ofta skort. Um endå i heimen er trældom og tvang og folk, som for store vil vera, um sanning og rett verder heft i sin gang og småfolk få skjemder at bera, so sjå me då tidt, det teiknar sig blidt, at umbot vil koma, der alt var for stridt. Høgt upp yver alle dei herrarne små er ein med eit sterkare rike; han læter sitt ljos og sin varme nå til fåtøke folk som til rike. Han giv utan skil, når timen er til; han giv sine gåvor til kven, han vil. Dei arme fekk ofta ein rikdom i barm, ein skatt i sitt mod og sitt lynde; dei ganga med von gjenom saknad og harm og finna seg hugnad og ynde, dei fara fram stilt og taka det mildt og lindra og lækja, der nokot er ilt. Rundt um er ein heim, som av fagnad er full. Sjå alla dei liv, som der liva, og soli, som strår yver doggi sit gull, og blomen, som opnar si skiva. Um vel du vil sjå på berre eit strå, du kann ikkje meir en at undrast derpå. Men den, som gav liv i so rikelegt tal, og kraft, som vel ingen kann tyda, han hever vel endå ein romare sal med endå ei rikare pryda. D'er litet, me sjå, og litet me nå mot alt, som i vonom der vera må.
C. Sinding sets stanzas 1-3
About the headline (FAQ)
View text with all available footnotesText Authorship:
- by Ivar Andreas Åsen (1813 - 1896), "Nøgje" [author's text checked 1 time against a primary source]
Musical settings (art songs, Lieder, mélodies, (etc.), choral pieces, and other vocal works set to this text), listed by composer (not necessarily exhaustive):
- by Christian Sinding (1856 - 1941), "Dei segja no", op. 55 no. 7, published 1902, stanzas 1-3 [voice and piano], from Sylvelin og andre viser, no. 7. [text verified 1 time]
Available translations, adaptations, and transliterations (if applicable):
- GER German (Deutsch) [singable] (Wilhelm Henzen) , title 1: "Trost"
- DAN Danish (Dansk) [singable] (Gustav Hetsch) , title 1: "De siger nu"
Researcher for this text: Emily Ezust [Administrator]
This text was added to the website: 2009-07-24
Line count: 42
Word count: 271