by Ivar Andreas Åsen (1813 - 1896)
Att og Fram
NOTE: the footnotes have been removed from this text; return to general view
Language: Norwegian (Nynorsk)
Det gjeng no so att og fram, som fyrr det heve gjenget; det heng millom Æra og Skam, som fyrr det heve henget. Dei tru, det skal ganga so fort alt fram til nokot stort. Men so tidt nokot stort er naatt, so kjem det stødt nokot smaatt. Av Rikdom det eingong var fullt i desse Land og mange; men so kom det Armod og Svult, og nakne Kroppar og svange. No er Rikdomen komen paa nytt, so det singlar høgt og lydt. Men eg tykkjer, han gjenger so fort, at det snart maa koma Skort. Og med Viisdom var det so gildt ein Gong i gamla Tider; men sjaa ti, um han ikkje gjekk spillt, og Daarskapen vann um sider. No er Klokskapen komen so sterk, at han skjemmer ut alle Verk. Og naar Viisdomen so er for stor, so kjemer vel Daarskap i Flor. Det er no den gamle Gang at allting veks og minkar. Stor Fagnad er sjeldan lang; stor Sorg med lidi linkar. D'er myket, som læst vera traust, og endaa so stender det laust; og naar so ein Støyt kjemer paa, so brotnar det av som Straa.
C. Sinding sets stanzas 1-2, 7-8
Text Authorship:
- by Ivar Andreas Åsen (1813 - 1896), "Att og Fram" [author's text checked 1 time against a primary source]
Go to the general view
Researcher for this text: Emily Ezust [Administrator]
This text was added to the website: 2011-04-21
Line count: 32
Word count: 193