by Ivar Andreas Åsen (1813 - 1896)
Gamle Grendi
NOTE: the footnotes have been removed from this text; return to general view
Language: Norwegian (Nynorsk)
Tidt eg minnest ein gamall Gard med store Tre og Runnar, Vollar, Bakkar og Berg og Skard og Blomster paa grøne Grunnar. Der eg hadde meg so godt eit Rom: Hus og Mark med baade Bær og Blom, alt eg nøytte som ein Eigedom med baade Lut og Lunnar. Der var Dalar og Lider nog, der Lur og Bjøllor klungo; Der var Ruster og fager Skog, der tusund Fuglar sungo. Tett med Stova stod ei Bjørk so breid der hadde Skjorerna sitt gamle Reid, Staren song i kvar ein Topp, som beid, og Erlor i Tunet sprungo. Heime var eg so vida kjend og slapp inn, kvar eg vilde, i kvart Hus i den heile Grend, um endaa Folket kvilde. Der var Kjenningar i kvar ei Kraa, og naar eg ukjende Folk fekk sjaa, spurde eg radt, kvar dei var ifraa, og dei var lika milde. Var det nokon, som der leid vondt og vardt fyre Tap og Spilla, braadt det spurdest um Bygdi rundt, og alle tykte, det var illa. Ofta minnest eg mi gamle Grend, naar eg framand uti Verdi stend, heimlaus, frendelaus og litet kjend, og likar paa Leiken illa.
C. Sinding sets stanzas 1, 4
Text Authorship:
- by Ivar Andreas Åsen (1813 - 1896), "Gamle Grendi" [author's text checked 1 time against a primary source]
Go to the general view
Researcher for this text: Emily Ezust [Administrator]
This text was added to the website: 2011-04-23
Line count: 32
Word count: 194