by Aasmund Olavsson Vinje (1818 - 1870)
Den Dag kjem aldri Matches original text
Language: Norwegian (Bokmål)
Den dag kjem aldri at eg deg gløymer, for om eg søver, eg um deg drøymer. Om nott og dag er du like nær, og best eg ser deg når myrkt det er. Du leikar kringom meg der eg vankar. Eg høyrer deg når mitt hjarta bankar. Du støtt meg fylgjer på ferdi mi, som skuggen gjeng etter soli si. Når nokon kjem og i klinka rykkjer, d'er du som kjem inn til meg, eg tykkjer: Eg sprett frå stolen og vil meg té, men snart meg sig atter ende ned. Når vinden lint uti lauvet ruslar, eg trur d'er du som gjeng der og tuslar! Når sumt der burte eg ser seg snu, eg kvekk og trur det må vera du. I kvar som gjeng og som rid og køyrer, d'er deg eg ser; deg i alt eg høyrer: I song og fløyte- og felelåt, men endå best i min eigen gråt.
Composition:
- Set to music by Eyvind Alnæs (1872 - 1932), "Den Dag kjem aldri", op. 12 no. 3
Text Authorship:
- by Aasmund Olavsson Vinje (1818 - 1870), "Den dag kjem aldri"
See other settings of this text.
Researcher for this text: Emily Ezust [Administrator]
This text was added to the website: 2009-06-21
Line count: 20
Word count: 153