by Arne Garborg (1851 - 1924)
Language: Norwegian (Nynorsk)
Aa stakkars vesle Hare so fin og silkeklædd, Gud veit, kvar du hev fare, med di du er so rædd? Du spretter og du skvetter so hovdelaus i Kring; kva er du renner etter og snøgg i Hol deg sting, arme Ting! Her er so god ein Sumar med Hus i kvar ein Busk og Lauv og friske Kumar aat slik ein liten Trusk. No skal me vera kvate I slik ein Solskinsstund, No skal me vera late og taka oss i Lund lette Blund. Du er so brun og lekker i Sumarkjolen din; d'er berre du for klekk er te vera Guten min. Men vil du glad meg gjera, so hoppa her i Li, og Vener skal me vera og Vener skal me bli all vaar Tid.
Composition:
- Set to music by Edvard Grieg (1843 - 1907), "Skog-glad", EG 152 no. 11 (1895)
Text Authorship:
- by Arne Garborg (1851 - 1924), "Skog-glad", appears in Haugtussa, in 9. Sumar i Fjelle, no. 10, first published 1895
See other settings of this text.
Researcher for this text: Emily Ezust [Administrator]
This text was added to the website: 2008-08-21
Line count: 27
Word count: 128