by Per Sivle (1857 - 1904)

Sol
Language: Norwegian (Nynorsk) 
Nei, sjaa, kor det lyser og gyller og brenn
burtpaa snjokollen der yver lid!
Det er soli, som renn, det er soli, som renn
og helsar so god og so blid.

Og tusund af augo, dimme fraa draum,
skal drikka seg bjarte i solstraalestraum.
Ja, sol treng me alle; men sol, det er
no inkje det sama som solgangsvêr.

Me sender fraa jord eit bedande bod,
som upp imot himlen gjeng.
Me bed til Vorherre, for han hev raad
um sol, so mykje me treng.

Me bed han um sol yver hjarta og hug,
me bed han um sol yver yrke og dug.
Gjer sol, du Gud Fader! Men sol, det er
no inkje det sama som solgangsvêr!

Authorship

Musical settings (art songs, Lieder, mélodies, (etc.), choral pieces, and other vocal works set to this text), listed by composer (not necessarily exhaustive)


Researcher for this text: Emily Ezust [Administrator]

This text was added to the website between May 1995 and September 2003.
Line count: 16
Word count: 118