by Per Sivle (1857 - 1904)
Noregs Dag
Language: Norwegian (Bokmål)
Sjå no er det Dag, og no er det Tid, og Dagen er Noregs Dag. No trengst det, at kvar den Neve, her bid, kjem med i vårt Yrke-Lag. For no er det just, at Noreg hev Vår, og no er det Stund, vår Aaker me sår og rydjer oss ny med Grev og med Plog i Livd utav Fjell og Skog. Me rota og grov - det vanta kje på - so tidt i vårt Noregs Grunn. Men ofta so reint me gløymde å så; og Hausten vart heller tunn. For Tistel her vaks, og Brennegras vaks, - og gjerna det so vart minder med Aks. Men no lyt me til, som Grunnen er verd, å onna på onnor Gjerd. Me hegnar vår Heim mot Hat og mot Hogg, so sår me med Dåd og Ord. Og Himlen gjev Sol, og Himlen gjev Dogg, og Livet i Noreg gror. Og Vår skal her gro mot Sumaren inn, og Truskap skal gro i Hjarta og Sinn! Og so er det Von, at Noreg det får seg eingong eit fagna År. Me fann oss vårt Land, me bygde vårt Land, og Landet fekk Noregs Namn. Og rett som det var, so sveik me vårt Land og gav det i framand Famn. Men endå det vart då laga som so, at Nordmenn dei eig sitt Noreg enno. - Vårt Noreg, dei hev kje Råd, dine Menn, å svika deg eingong enn. Og kjem du i Naud, me fylkar oss tett, me ringar med Vakt ditt Hov. Me lyfter ditt Flag, me verjer din Rett, og ingen me spør um Lov. Og um du då og skal sjå oss som Lik, rett aldri so skal du sjå oss i Svik! Det lovar me her på Æra og Tru; og Vitne er Gud og du!
Text Authorship:
- by Per Sivle (1857 - 1904), "Noregs Dag" [author's text not yet checked against a primary source]
Musical settings (art songs, Lieder, mélodies, (etc.), choral pieces, and other vocal works set to this text), listed by composer (not necessarily exhaustive):
- by Conrad Baden (1908 - 1989), "Noregs Dag", op. 70, published 1966. [tenor, TTBB chorus, and orchestra] [text not verified]
Researcher for this text: Emily Ezust [Administrator]
This text was added to the website: 2008-07-01
Line count: 40
Word count: 297