by Arne Garborg (1851 - 1924)
Vond Dag
Language: Norwegian (Nynorsk)
Ho reknar Dag og Stund og seine Kveld til Sundag kjem; han hev so trufast lova, at um det regnde Smaastein [yvi]1 Fjell, so skal dei finnast der i "Gjærtarstova". Men Sundag kjem og gjeng med Regn og Rusk; ho eismal sìt og græt attunder Busk. So væl ho veit han aldri svike kann, um det kjem gode Dagar eller vonde; han veit at daa ho aldri lìva kunde, men sokk og dreiv som kalde Lik i Land. Men tungt er Hjarta i den unge Bringa, og rædde Graaten kann ho ikkje tvinga. Daa kjem ho heim ein Sundags Kveld mot Haust, av Hugverk mødd og sjuk av Auk og Otte og trøytt og tung. All Dagen hev det aust med Regn, so reint i Flaum ho vasse maatte. Ho berre skundar seg og vil i Seng. Det er det eine, som veit og treng. Men just er Gamlen komen heim fraa Kyrkja; og no med Pipa nøgd han nytt fortel: «jau daa var Jon i Skarebrote sæl, um hans ho vart, den kaute Velstands-Fyrkja!» Ho kjenner Styng i Bryst og Skjelv i Kne; i Vanmagt trøytt ho sìg paa Stolen ned. Daa fær ho høyra meir en sjølv ho vilde; ho høyra maa, at denne Guten staut, som so ho trudde, lett sin Lovnad braut og floksa fritt med alle Gjentur gilde. Men no han vankar klok paa Bele-Rass til sjølve rike Meggja ifraa Aas. Og denne etter Jon er reint som gali; ho lokkar han so alle kann det sjaa; og han so væl som andre vìta maa, at ho er best av alle Gifte-Vali. Og so med denne Drosi eine dansar han, og andre gode Gjentur aldri ansar han. Som Fuglen, saarad under varme Veng so [Blodet]2 tippar lik den heite [Taara]3, ho dreg seg sjuk og skjelvande i Seng, og vrid seg Natti lang i Graaten saare. Det slit i Hjarta og det brenn paa Kinn. No maa ho døy; ho miste Guten sin.
E. Grieg sets stanzas 1, 7
1 Grieg: "yver"
2 Grieg: "Blode"
3 Grieg: "Taare"
Text Authorship:
- by Arne Garborg (1851 - 1924), "Vond Dag", appears in Haugtussa, in 9. Sumar i Fjelle, no. 13 [author's text checked 1 time against a primary source]
Musical settings (art songs, Lieder, mélodies, (etc.), choral pieces, and other vocal works set to this text), listed by composer (not necessarily exhaustive):
- by Edvard Grieg (1843 - 1907), "Vond Dag", op. 67 no. 7 (1895), published 1898, stanzas 1,7 [ voice and piano ], from Haugtussa, no. 7, Copenhagen [sung text checked 1 time]
Available translations, adaptations or excerpts, and transliterations (if applicable):
- ENG English (Nigel Parker) , "Painful day", copyright © 2023, (re)printed on this website with kind permission
- FRE French (Français) (Pierre Mathé) , "Mauvaise journée", copyright © 2012, (re)printed on this website with kind permission
- GER German (Deutsch) (Bertram Kottmann) , "Schlimmer Tag", copyright © 2015, (re)printed on this website with kind permission
Researcher for this text: Emily Ezust [Administrator]
This text was added to the website between May 1995 and September 2003.
Line count: 42
Word count: 328