by Per Sivle (1857 - 1904)
Det var i kveld See original
Language: Norwegian (Bokmål)
Det var i kveld medan tankane sveiv so vide i kring dei fuglane fer, at inne i skogen eg gjekk og dreiv; det var so fagert og fint eit ver; himlen han kvelvde seg klår og rein og væren han lo i frå kvar den grein: "Du Per, du Per, å hei! å hop! å er du no der! Å kjenner du ikkje i kveld, i kveld at livet det er no det likaste lel." Og alle dei blomar og gråne strå eg såg kvar henne eg gjekk og for, dei rudde seg rom so hugheilt, dei små i millom det lauvet, som datt i fjor; dei keik og dei nikka, eg tykte eg, det vart som vilde dei segja til meg: "Du Per, du Per, tit tit! tit tit! Å er du no der! Og kjenner du ikkje i kveld, i kveld, at livet det er no det likaste lel."
Composition:
- Set to music by Paul Okkenhaug (1908 - 1975), "Det var i kveld", 1930, stanzas 1-2
Text Authorship:
- by Per Sivle (1857 - 1904), "Vaar-Vôn"
See other settings of this text.
Researcher for this text: Emily Ezust [Administrator]
This text was added to the website: 2009-06-21
Line count: 40
Word count: 298