by Ivar Andreas Åsen (1813 - 1896)
Nordmannen
Language: Norwegian (Bokmål)
Millom bakkar og berg ut med havet heve nordmannen fenget sin heim, der han sjølv heve tufterna gravet og sett sjølv sine hus uppå deim. Han såg ut på dei steinutte strender; det var ingen, som der hadde bygt. «Lat oss rydja og byggja oss grender, og so eiga me rudningen trygt.» Han såg ut på det bårutte havet; der var ruskutt å leggja ut på; men der leikade fisk ned i kavet, og den leiken den vilde han sjå. Fram på vetteren stundom han tenkte: Giv eg var i eit varmare land! Men når vårsol i bakkarne blenkte, fekk han hug til si heimlege strand. Og når liderna grønka som hagar, når det laver av blomar på strå, og når næter er ljosa som dagar, kann han ingenstad vænare sjå.
Text Authorship:
- by Ivar Andreas Åsen (1813 - 1896) [author's text not yet checked against a primary source]
Musical settings (art songs, Lieder, mélodies, (etc.), choral pieces, and other vocal works set to this text), listed by composer (not necessarily exhaustive):
- by Catharinus Elling (1858 - 1942), "Nordmannen", op. 40 (Fem sange) no. 4 [ voice and piano ] [sung text checked 1 time]
Researcher for this text: Emily Ezust [Administrator]
This text was added to the website: 2016-02-25
Line count: 20
Word count: 131