Når stormen ryker upp frå nord, og havet det gjeng kvitt, so strika, gut, på seglet då, og haldt på styret ditt, slepp inkje taket, um det gjeng på harda livet laus, verd båten full, så bitt det fast, og berre teg og aus! Og er du inkje god å sjå fyr' berre skum og skvett, so byrja på ein salme då og ro, så blodet sprett; men spring eit bord, og sjoen velt innpå deg blå og kald, so bøyg deg yver tofta ned og giv deg Gud i vald!
Fem sange , opus 40
by Catharinus Elling (1858 - 1942)
1. Fiskaren att sonen sin
Language: Norwegian (Bokmål)
1. Fiskeren til sønnen
Language: Danish (Dansk)
Når Stormen ryger op fra Nord, og Havet det går hvidt, Så fir, min Gut, på Seilet da og hold på Roret dit; Slip ikke Taget, om det går på hårde Livet løs, Bli'r Båden fuld så bind det fast, og barre ti og øs! Og er du ei istand at se for bare Skum og Sprøit, Så ro, så Blodet springer, Gut, og syng en Salme høit. Men brister et Bord, og Søen står ind på dig blå og kold, Så bøi dig over Toften ned og giv dig Gud i Vold!
Text Authorship:
- Singable translation by Anonymous / Unidentified Author
Based on:
- a text in Norwegian (Bokmål) by Kristofer Janson (1841 - 1917)
Go to the general single-text view
2. Fjukande skyer
Language: Norwegian (Bokmål)
Fjukande skyer, det er mitt liv, skodda og tyngsla på dyri eg hiv; sopast skal tilet, til reint det verd rudt, friskt skal det vera, um enn det verd stutt. Inkje det duger å krjupa i krå fram med di brynja! Set stålhuva på! Tak så i handi et sverd, som er kvast, statt so på fotom, men statt berre fast. Vær ikkje ræd, det skal verda for stilt, verdi er folksam på rangt og på ilt, maten er mannen og fåvit er vit, lygn gjeng fyr sanning og svart gjeng fyr kvitt. Fram då lik stormen og vær ikkje veik, syng berr' ein salme i villaste leik! Hatet det flyg kringum øyro som brand, jordi er sleip ho, men statt som ein mann! Fram då lik stormen lik fjukande sky! Stuper du no, det er betre enn fly; dyrt er då blodet; um jordi det saug, finst det vel dei, som kan reisa deg haug. Fjukande skyer, det er mitt liv, skodda og tyngsla på dyri eg hiv; sopast skal tilet, til reint det verd rudt, friskt skal det vera, um enn det verd stutt.
3. Ho Astrid
Language: Norwegian (Bokmål)
Og hev du set Astrid, på kampen hu bur, då tenkjer eg gut, du på vegen deg snur: For augat det lyser, lik soli, som dysser sitt tindrende ljos, når ho snjofjellet kysser, du Astrid! Og hev du mi Astrid i springaren set, eg vågar då, gut, du mest misser ditt vit, snaut augat kan fylgja den ringlande sylgja ho dansar og sviv nett som skumet på fylgja, ho Astrid. Og hev du høyrt Astrid mi skratta og le, eg lovar deg gut, at du skal skratta med, for låtten han tullar og skrellande rullar, ja, nett som dei kulor i sylvskåler trullar. Å Astrid! Og hev du høyrt Astrid mi syngja ein kveld, det er, som det susar frå skog og frå fjell, for tonorne drøyma, når mjuke dei strøyma, det er, som du alt, ja det sjølv, kunde gløyma hjå Astrid. Ja, Astrid er fager, som dagen er bjart. Sjå håret! Kor tjukt og kor glimande svart, og kinnerna fina so friskleitta skina som blomen i graset, som rosorna mina, du Astrid! Hei Gut! Denna Astrid ho skal verda mi, du verd ei så sæl i di livande tid, hjå meg skal ho stella, skal skratta og skrella, skal rugga og hugga smågut og småkjella, mi Astrid!
4. Nordmannen
Language: Norwegian (Bokmål)
Millom bakkar og berg ut med havet heve nordmannen fenget sin heim, der han sjølv heve tufterna gravet og sett sjølv sine hus uppå deim. Han såg ut på dei steinutte strender; det var ingen, som der hadde bygt. «Lat oss rydja og byggja oss grender, og so eiga me rudningen trygt.» Han såg ut på det bårutte havet; der var ruskutt å leggja ut på; men der leikade fisk ned i kavet, og den leiken den vilde han sjå. Fram på vetteren stundom han tenkte: Giv eg var i eit varmare land! Men når vårsol i bakkarne blenkte, fekk han hug til si heimlege strand. Og når liderna grønka som hagar, når det laver av blomar på strå, og når næter er ljosa som dagar, kann han ingenstad vænare sjå.
5. Høgferd
Language: Norwegian (Nynorsk)
Alt det som no skal duga, det lyter vera stort; for upp i Høgdi vilja no alle Folk so fort. Det teiknar til, at alle den same Hugen faa aa fara som dei store, og inkje som dei smaa. ... Det er ein Harm aa høyra ifraa eit annat Land, at der er større Rikdom og alt i større Stand. Det er so vondt aa vita, at ut i Landet der skal vera større Byar og større Hus en her. Ja, der er Husi høgre med fleire Fargar paa og myket større Salar i Husom til aa sjaa og fleire Folk i Gata og myket større Skraal og fleire stora Bøker og frægare Maal. Der er det fleire Kjolar, og ny er kvar ein Klut; med halvtaars-gamle Klæde fær ingen ganga ut. Der er det fleire Fruer, som pryda kann sin By med myket større Stakkar og finare Ty. ... Det er den største Gleda, ein liten Fyr kann faa, at han slepp upp i Høgdi, saa Folk maa honom sjaa; og kjem der so ein framand og rosar honom gildt, so verd han so stolt, at han reint 1øyper villt. Kven kann so undrast paa, at det feller honom kjært aa læra slike Ting, som dei rike hava lært, aa drikka same Drykken og gjera same Skraal, aa bera same Klædnad og læra same Maal. Den Sida, som snur ut, er no den, som alle sjaa, og det som er inn under, det ser no ingen paa. Og sjaa me ut som Herrar, so faa me Herre-Rom, so lenge til det syner, at Pungen han er tom.
Text Authorship:
- by Ivar Andreas Åsen (1813 - 1896), "Høgferd"
See other settings of this text.
Modernized spelling would, among other changes, remove capitalization from nouns and use 'å' instead of 'aa'6. Synden, døden
Language: Norwegian (Bokmål)
Synden, døden, søstre to, satt tilsammen i morgenrøden. Gift deg, søster, så får jeg bo i ditt hus, sagde døden. Synden holdt bryllop, døden lo, dansende om dem på bryllopsdagen; natten kom, hun brudgommen tok, og bar bort i laken. Synden våkned alene, græt. Døden satt over i morgenrøden: den du elsker, jeg elsker med; han er her, sagde døden.