by Aasmund Olavsson Vinje (1818 - 1870)
Trudom
Language: Norwegian (Nynorsk)
Guds rike er eit fredens rike, men det til ufred vendest om. Der førest strid forutan like, so nåden fær så lite rom. Dei beste livet lata må fordi dei meir enn andre sjå. So må vår Herre sjå på sine at dei kvarandre hata vilt; kven skal han kunna kalla "mine", når deira hjarta er so ilt, at dei fordøma utan von, og drepa sjølv hans eigen son? Kver trur han trur det eine rette, og ferer fram i vilska fort, so liggja folk i strid om dette, til den dei tru på, reint kjem bort; dei slåst om Gud og sannings heim, til lygnis fader teker deim. Gud vil oss endå nådig hyrda, og sist frå vilska få oss bort; han veit, at om vi broder myrda, so for hans skuld det alt vert gjort, i nåde den han tenkjer på, som drap for himlen sjølv å få.
E. Grieg sets stanzas 1, 4
Text Authorship:
- by Aasmund Olavsson Vinje (1818 - 1870), "Trudom", written 1858, first published 1864 [author's text not yet checked against a primary source]
Musical settings (art songs, Lieder, mélodies, (etc.), choral pieces, and other vocal works set to this text), listed by composer (not necessarily exhaustive):
- by Edvard Grieg (1843 - 1907), "Trudom", op. 33 (Tolv melodier til Digte af A.O. Vinje) no. 11 (1873-1880), published 1881, stanzas 1,4 [ voice and piano ], Copenhagen [sung text checked 1 time]
Researcher for this text: Emily Ezust [Administrator]
This text was added to the website between May 1995 and September 2003.
Line count: 24
Word count: 150