by Arne Garborg (1851 - 1924)
Veslemøy ligg og drøymer
Language: Norwegian (Nynorsk)
Veslemøy ligg og drøymer i Morgonstundi graa og ser si sæle Syster for Sengebenken staa. Mjukt fløymer det kvite Lakan ikring den Skapnad fin; so vent det skimrar og lyser med underlegt Bivreskin. Eit Staup av Sylve klaare i magre Hand ho bèr. Dei store stille Augo med Sorg paa Veslemøy ser. »Du arme, unge Syster!« ho kved med kjærleg Sut, »her er den Kalken djupe, som du skal tøma ut. Du hev den tyngste Lagnad, som nokon her kan faa. Det som i [Natti]1 seg løyner, det skal du skilja og sjaa. Di legg det svikefulle Snaarur i Vegen din og lillar lint og lokkar og tryller ditt unge Sinn. Aa sjaa deg, sjaa deg fyre! Du hev so myrk ein Veg. Men naar du ut vil glida, eg er ikkje langt fraa deg. Aa sjaa, aa sjaa deg fyre! Vegen er myrk og glatt. Men ljuv er ljosnande Morgon alt etter den tunge Natt.« Veslemøy vak med Glede vil helsa si Syster god. Daa lyste gjenom Rute den fyrste Morgon-Glo. Den sæle, kjære Syster gleid burt i Ljosken linn. Det drogst ein Sukk, som døydde i vaknande Morgonvind.
About the headline (FAQ)
View original text (without footnotes)1 Grieg: "Nott"
Text Authorship:
- by Arne Garborg (1851 - 1924), "Fyrevarsel", appears in Haugtussa, in 1. Heime, no. 6, first published 1895 [author's text checked 1 time against a primary source]
Musical settings (art songs, Lieder, mélodies, (etc.), choral pieces, and other vocal works set to this text), listed by composer (not necessarily exhaustive):
- by Edvard Grieg (1843 - 1907), "Fyrevarsel", EG 152 no. 5 (1895) [sung text checked 1 time]
- by Ståle Kleiberg (b. 1958), "Fyrivarsel", 1981, first performed 1981 [ voice and piano ], from Haugtussa : Sangcyklus over dikt av Arne Garborg, no. 1 [sung text not yet checked]
Researcher for this text: Emily Ezust [Administrator]
This text was added to the website: 2008-08-21
Line count: 40
Word count: 190