Veslemøy ligg og drøymer i Morgonstundi graa og ser si sæle Syster for Sengebenken staa. Mjukt fløymer det kvite Lakan ikring den Skapnad fin; so vent det skimrar og lyser med underlegt Bivreskin. Eit Staup av Sylve klaare i magre Hand ho bèr. Dei store stille Augo med Sorg paa Veslemøy ser. »Du arme, unge Syster!« ho kved med kjærleg Sut, »her er den Kalken djupe, som du skal tøma ut. Du hev den tyngste Lagnad, som nokon her kan faa. Det som i [Natti]1 seg løyner, det skal du skilja og sjaa. Di legg det svikefulle Snaarur i Vegen din og lillar lint og lokkar og tryller ditt unge Sinn. Aa sjaa deg, sjaa deg fyre! Du hev so myrk ein Veg. Men naar du ut vil glida, eg er ikkje langt fraa deg. Aa sjaa, aa sjaa deg fyre! Vegen er myrk og glatt. Men ljuv er ljosnande Morgon alt etter den tunge Natt.« Veslemøy vak med Glede vil helsa si Syster god. Daa lyste gjenom Rute den fyrste Morgon-Glo. Den sæle, kjære Syster gleid burt i Ljosken linn. Det drogst ein Sukk, som døydde i vaknande Morgonvind.
Haugtussa : Sangcyklus over dikt av Arne Garborg
Song Cycle by Ståle Kleiberg (b. 1958)
1. Fyrivarsel  [sung text not yet checked]
Text Authorship:
- by Arne Garborg (1851 - 1924), "Fyrevarsel", appears in Haugtussa, in 1. Heime, no. 6, first published 1895
See other settings of this text.
View original text (without footnotes)1 Grieg: "Nott"
Researcher for this text: Emily Ezust [Administrator]
2. Haugtussa  [sung text not yet checked]
Ein Dag dei spurde med Kolning um Munn, at Mannen var daain i same Stund, ja nett i den same Time. Daa skalv den unge i Hùg og Hold: »no maa eg sjaa baade Draug og Troll og Gasten med Haari lange.« »Gud trøyste deg daa, du Veslemøy; det vøre deg betre du maatte døy, so fingje du Fred i Jordi!« »Aa heller vil eg med Augo sjaa, enn dauv og blind gjenom Verdi gaa og ikkje det sanne skilja!« -- Sidan saag ho i Haug, paa Voll, baade Nisse og Nøkk, baade Draug og Troll og Gasten med Haari lange. Tidt mullande gjekk ho med myrke Ord og skræmde stundom si eigi Mor; dei sa ho vanta paa Vìte. I Lyngmarki nord millom Haugar tri, der gjekk ho gjætte si meste Tid. Og Haugtussa vart ho heitand'.
Text Authorship:
- by Arne Garborg (1851 - 1924), "Haugtussa", appears in Haugtussa, in 2. Veslemøy synsk, no. 4, first published 1895
Go to the general single-text view
Researcher for this text: Emily Ezust [Administrator]3. Lage  [sung text not yet checked]
Aa hau deg og hei, no tek Fela i, og ho lær og læt, og ho syng og græt; aa kom, aa kom no, du Gjenta mi, no skal me sulle saman. Aa lengi gjekk me no kvar for seg og lengta so langt og tenkte so mangt; no hev du meg her, og no hev eg deg; det er so godt eit Gaman. Aa hugsar du sist paa den grøne Eng; eg sneidde og slo, du breidde og lo, so sat me kvilte paa Moseseng; aa du, det var blide Dagar. Eg saag paa deg og du saag paa meg, og me lo so godt og forstod so godt; eg tenkte med meg: dette jamnar seg, og sidan seg allting lagar. Aa ja, du Gjenta mi, det er so lang ei Tid; eg segjer fritt, og tenkjer tidt: aa var me no alt paa Veg! Her er so leidt og kaldt, og d'er so langsamt alt, men hadd' eg ho eg meiner no, so sytt' eg kje meir for meg. Aa hei! lat oss danse med' Dansen gjeng! No Soli ho snur, og Joli ho snur; lat gaa det paa Kar, lat gaa det paa Spreng! No gjeng det paa rette Maate. Til Vaars, kven veit, stend ein annen Dans; hei! det skal bli Stell, hei! det skal bli Smell; ja daa skal me leike forutan Stans, aa du, so glade og kaate. Og rundt dei sviv i laage Rom med Hopp og Hiv og Fele-Ljom, og Guten rak i faste Tak si staute Gjente svingar. Dei stormar paa med Kast og Spenn fraa Kraa til Kraa so Duren stend; og Drengen blid med Drosi si um sæle Hjaasvæv' tingar. Men Gjenta vâr med Smil og Spott gjev snøgge Svar til Glis og Laatt; og Øle renn, og Blode brenn, og Slaatten kved og klingar. Haugtussa ho sit i myrkaste Kraa og ser paa og myler og mumlar; ho ser det dei andre ikkje kann sjaa, som villt seg i Dansen tumlar. I Stogo det kryr med alle Slags Dyr! dei hoppar som Skuggar og flyg og flyr. Kvar ein og kvar ei hev Vardyvle sitt, det fylgjer so trugi sin Herre; det eine er svart, det andre er kvitt, eit stygt og det andre verre. Aa kunde dei sjaa! dei fælte visst daa og Vondskap og Villskap seg vende fraa. Han Topp-Ola Leite strokin og stram, som sviv der med Midja den svange, han hev til Fylgje ein Haneham med Sterten og Sporane lange. Han Daase-Per Skau, han heve ein Sau, og sløge Jo Bliland hev Revon raud. Han Late-Knut Aase, Likesæl-Knut, maa fylgjast med Feitsugga fæle; han Andrias Haaland, den Gjentefut, hev Bukken hoppand' i Hæle; men søtmælte Svein, som gjeng der so rein, hev Vargen den graa' med dei lange Bein. Med Slurve-Jens fylgjer ein utsvelt Gamp, han fekk korkje Høy eller Vatten; og Bjørnen er med han Sterke-Lars Kamp; men Haale-Jakop hev Katten. Han Kristian Skar vil vera slik Kar, men Hare-Pus spring i hans Fotefar. Ho Skravle-Guri, ho hev ei Geit med Horni som kvast kann rispe; med Rund-Malli hoppar ein Smaagris feit, og Berit Floks hev ei Tispe; ho Mari der nord, ho heve ei Skjor; ho Langskankle-liakkel hev Merri stor. Ho Maren og Mette og Lisabet og Stine fraa Storlirekke-Møne og Jòrina Klopp og Olina Klett, dei hev berre kvar-si Høne. Men Megga fraa Aas, med Sylv under Laas og Garden aaleine, ho hev ei Gaas. So leikar dei rundt i lysteleg Dans, paa tvo Bein og andre paa fire; det svingar med Arm og sveiver med Svans; det dissar i Stokk og i Spire. Daa høyrest det Traakk. Inn støler ein Flokk . . . Jau no skal me sjaa her vert folksamt nok! Huldri or Haug. Tuft og Dverg og Draug, Bøyg og Bustetroll bykser inn i Koll; lufsar i Kring lett som inginting, kravlar upp paa Kant og Kiste; lempar seg Rom midt i Staak og Ljom, dansar der i Kraa; ingin kann det sjaa; Gryte og Kjel, Horn og Tussespél læt ein Laatt som ingin visste: Vatsdrope-Klunk, Bekkje-Surl i Jord, Vindgraat av Vest, Baaresus av Nord, Kviskring i Kraa, Dùn av døyvde Ord, Kvasl av Lauv, som fell fraa Kviste . . . Sulle no, tulle no, Graakall og Graakulle, tulle no, sulle no, svævd er Sol; humpe no, hoppe no, Graatopp og Graatoppe, hoppe no, humpe no, hau! d'er Jol. Bummel, Bammel, Rokkedans og Rammel, myrkt fraa Berg til Blaane. Bammel, Bummel, Rangedans og Rummel, sløkt er Sol og Maane. Og villt og villare, hei! det gjeng, hei! kringande deg, hei! svingande deg, no gjeng det paa Kar, no gjeng det paa Spreng, no gjeng det forutan Maate. Og aldri saag du slikt Hurlumhei med Sveim og med Staak, med Bræl og med Braak; det durer i Natti paa langan Leid, og dei er fulle og kaate. Tingel, Tangel, Rumledans og Rangel, Brak i Bjørnekjole . . . Og her er Guten, aa hei og haa! gjenom Berg og Fjell, gjenom Os og Eld! aa vil du meg ha, so kann du meg faa; eg fær naar eg berre peikar. Aa kom med Truten, aa haa og hei! slik drusteleg Dreng kann du faa i Seng; det finst kje slik Kar um til Rom du reid; aa ser du kor lett han leikar. Tangel, Tingel, Vavredans og Vingel; godt og myrkt i Joli . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . * * * -- Veslemøy sit som tryllt og glor, og tungt av Barm ho andar. No gjeng det baade ned og nord; for Troll og Folk seg blandar. Og Ljosi dovnar. Myrkre meir og meir seg saman ringar. Tussar tumlar seg fleir og fleir. -- So stryk det upp med Springar: Aa gjævaste deg, eg giljar for deg, aa sulla med meg i sudeli-dudelidei Venaste deg, aa venta paa meg, no kjem eg til deg i dudelelidei. Aa hildrande du, no vil eg meg snu og byggje og bu i Haukeli-Haukeli-hei. Gildrande du, med meg skal du bu, og rokken din snu i Haukeli-hei. Ragg skal du spinne, Traad skal du tvinne, Sokk skal du binde, surelilei; eg skal deg sulle, stelle og stulle, hyggje og hudelideia! Vev skal me renne, Rev skal me vende, Brisk skal me brenne, surelilei; Vogga skal knaka, Reinknok skal smaka, Braud skal me bakelibeia! * * * Aa gjævaste deg! aa gilja til meg, og sulla med meg i sudeli-dudeli-dei; venaste deg, aa venta paa meg, no kjem eg til deg i dudeli-dei . . . . . . . . . . . . . . . . . . . * . . . Mjukt som i Graat tonar Harpelaat, lokkar lett og linn liksom Sumarvind, voggar seg blid, strøymer sterk og fri, svævest av i Draum og Stille; vaknar so spakt, velter fram med Magt, brusar upp i Brand liksom Marm ved Strand; søtt som i Blund stig ein fager Lund, elskhugvarm, med sorgblid Trille . . . Fram dansar ein Haugkall fager og blaa med Gullring um Haaret som fløymer; han giljar for Veslemøy til og fraa, og Tonar ikring honom strøymer. Aa hildrande du! Med meg skal du bu, i Blaahaugen skal du din Sylvrokk snu. Um Dagen er eg den brune Bjørn, som bykser i Skogane vide og laugar mitt Ragg i djupaste Tjørn og vassar i Straumane stride og leikar i Strand og raar yvi Land, so langt som ditt Auga det timja kann. Men naar det lid til Midnettes Bìl, og Dagen i Haug er gjengin, daa høyrer du Klunk og yndelegt Spel som linnaste Lokking fraa Strengen; daa kjem eg til deg fraa villande Veg og søv i din Arm, til det vekkjer meg. Men du skal sitja i Blaahaug Brur i Silke og Sylv so det bragar, og aldri kjennast saar eller stur i alle dei Lìvedagar. Aa hildrande du! Med meg skal du bu, i Blaahaugen skal du din Sylvrokk snu. Han rettar ut si bleike blaa Hand; ho skjelv av Uro og Otte. Men daa den Møy skuld' kysse den Mann, daa hadde han Munn som ei Rotte. »Aa Jesus« -- Ho bed um Frelse og Fred og sig i Uvìt av Benken ned.
Text Authorship:
- by Arne Garborg (1851 - 1924), "Lage", appears in Haugtussa, in 3. Jol, no. 2, first published 1895
Go to the general single-text view
Researcher for this text: Emily Ezust [Administrator]4. Maaneskinsmøyane  [sung text not yet checked]
Jordi søv i sitt Vinterlin. Bjørki den unge, rimkvit og fin, stend som i Sylve skòri, eller som bygd av Stjerneskin. Jordi søv i sin Vinterblund. Maanen lyser paa Himilrund. Tusund av Diamantar glimar um Grein i den frosne Lund. Braakveikt blenkjande, straalerein bivrar den Glitring um Kvist og Grein. Det er liksom Lunden lìvde, straadd med Perlur og Glimestein. Stirande inn i den sylvblaa Glans Veslemøy stend utan Hugs og Sans; daa ser ho med ein Gong Møyar, kvite Møyar som gjeng i Dans. Kvite Møyar som gjeng i Ring; stille sviv dei i Stìg og Sving. Det er som ein Dans i Draumar til Takt av stilslegt Sylvklokke-kling. Bygde er dei av Lufti blaa; Kjolar av Maaneflor hev dei paa, sauma med Stjerneglitter, løynande lett dei Barmar smaa'. Haare flyt i vallande Flaum ned yvi Rygg som ein sylvgraa Straum. Yvi dei bleike Vangar Stjerne-Augo i stille Draum. Aldri saag dei den varme Dag; stilt det er i det Ungdomslag. Stivt dei i Dansen smiler. Kalde søv desse Andlits-Drag. Lengi tryllt maa Veslemøy staa, drøymd den Dansen stirande paa. Daa nikkar dei som til Helsing, og kverv i Luft som ein Frostrøyk graa.
Text Authorship:
- by Arne Garborg (1851 - 1924), "Maaneskinsmøyane", appears in Haugtussa, in 7. Dei vil ta henne, no. 1, first published 1895
Go to the general single-text view
Available translations, adaptations or excerpts, and transliterations (if applicable):
- FRE French (Français) (Pierre Mathé) , "Filles du clair de lune", copyright © 2012, (re)printed on this website with kind permission
5. Draken  [sung text not yet checked]
Han Heilag-Per Aase i Verdi er glad, og Gardar og Jord eig han nokon-kvar Stad; men nok hev han endaa kje fengi. Den Haugastadparten som Gamlemor eig, det er slik ein lettvinn og nibbeleg Teig; den lurde han etter so lengi. Og no kann han rekne det meste for sitt; han Enkja laut hjelpe med Pengar so tidt, daa Mannen aat Jordi vart borin. Med Rentur det voks, som det no var hans Von; og no vil han Garden faa sett til Auktion; so tek han det heile til Vaaren. Der sìt han i Benken so stabben og tett og krever av Gamlemor beile sin Rett: »no kann eg kje lenger deg live!« Den gamle ho jamrar og veit seg kje Raad; »aa arme mi Veslemøy, kor skal det gaa? No vil dei paa Bygdi oss drive!« Men støkkt maa ho stogge med Graat og med Skrik; paa Sengi ligg Veslemøy stiv som eit Lik, og fælsleg ho skifter sin Hamlìt. Bleik snur seg den Gamle til Kravsmannen hard; »ja no kann du faa baade Stogu og Gard; men gakk so -- med Liv paa ditt Samvìt!« Han Heilag-Per sìt der i Andlite graa: »kva er det -- kva er det ho stirer so paa? Ho ser noko! Hu, eg tek Fæla!« »Aa Barne mitt arme, du tak' det med Ro! Me skal nok faa Føda vaar lel, baae tvo, -- skal so eg paa Bygdine stela!« Men Veslemøy kvæser med kavande Munn: »sjaa Draken -- sjaa Draken -- med Gap som ein Brunn . . og Eldkam fraa Hovud til Halen . . . Aa Fader vaar . . . Jesus . . . som Djevelen batt . . . --« -- Han Bøne-Per triv etter Sylv-Stav og Hatt og stuper paa Døri som galin.
Text Authorship:
- by Arne Garborg (1851 - 1924), "Draken", appears in Haugtussa, in 7. Dei vil ta henne, no. 7, first published 1895
Go to the general single-text view
Researcher for this text: Emily Ezust [Administrator]6. Haust  [sung text not yet checked]
No rullar Have svært mot Land med Skùm um skavlande Ryggir og bryt seg sprengt mod Øydestrand, der berre Vindtroll byggjer. Og Stormen skrik i ville Gru, der yvi Djup han jagar med Fòk og Ròk um Rev og Flu i desse haust-myrke Dagar. Eg høyrer den villande Skræmesong av Møy som Brìmhesten rider; ho kvad og galdra so mang ein Gong mot Naud og Nedgangs Tidir. Det gjeng som Sorg, det gjeng som Spott, det gjeng um Vaa og Vande; det er den varslande Vildrelaatt som skræmer Liv av Lande. Og Jordi skjelv i Havsens Marm, der bleik ho frys i sitt SNøyde; det folnar Bø og det kolnar Barm; det vert i Verdi øyde. Den siste Graa-Gaas strauk mot Sud; tungt under Sky ho kava; alt Liv i Hie og Vinterbu vil ned og burt seg grava. Lauvsblokka rustnar i livde Lund og ryk av sinom Kviste; det vart so syrgjeleg stutt ei Stund, til ho sitt Ynde miste. Paa Vollen blømde Blomar smaa', so sælt mot Soli nøydde; no er der ingin meir aa sjaa. Dei folna burt og døydde. So døyr det burt i den unge Barm, so folnar Blom og Blide, naar Saknad sløkkjer Voni varm med Taarir salte og Stride. So døyr det burt, so døyr det ut, mitt Liv med alt, det drøymde, naar Elskhug vendest til Harm og Sut, og Guten burt meg gløymde. No er her sturt, no er her kaldt, og Stad og Stund meg møder; mi svikne Von tok fraa meg alt, og Hjarta svider og bløder. Og Have rullar svært mot Land, og Regne driv mot Rute; det syng og susar um Øyde-Strand, at no er allting ute.
Text Authorship:
- by Arne Garborg (1851 - 1924), "Haust", appears in Haugtussa, in 11. Den store Strid, no. 1, first published 1895
Go to the general single-text view
Researcher for this text: Emily Ezust [Administrator]7. Troll‑Dans  [sung text not yet checked]
Det klakkar i Berg og Bru av Hov og av Heste-Sko; det traavar um Stein og Stuv, det trippar av Klauv og Klo; os som naar Vindkast av Kamb sèt Skodda i Flog og Flaum, so yrer Trollstimen fram i veltande Straum . . . Det ringlar i rusta Laa, det piper i To og Kluft, det yler um Egg og Aas, det plistrar i kalde Luft; det kvin og skrik yvi Heid; det er den Helvites Slaat, som jagar den ville Skreid i Dans gjenom Nott . . . Og rundt i Vilske det gjeng med Rop yvi Stokk og Stein; det svingar med Svans; det sleng med Hovar og Daudingbeing; og gnellande Trollkjeringmaal syng Visa til denne Vals med Skratt og kaatgalne Skrall or remjande Hals: Det var Troll til Troll i sitt harde Hold, det var Troll til Klo, ho Kloveberg-Gro; ho trolla ein Gut, ho trolla 'n Knut, ho trolla Guten galin. Og Knut'en vart sta og vilde ho ha, og sulla i Sveim og drog henne heim; og Resten -- hi-hi! til Presten -- hi-hi! Det lo i heile Dalen. Men daa vart det Dans daa ho fyrst var hans; ho banna og beit, ho slo og ho sleit, og leika paa Voll med sitt Kloveberg-Troll, og baade det lo og lét. Og Borni hans Knut, deim sette ho ut og gjødde deim vel og stakk deim ihel, og sette deim fram med Drykk og med Dram for Knut'en, som aat og grét. Men leid ho vart til sist av all den Tvang og Tvist; det var kje Ro for Rove-Gro, um baade ho gol og grein. Ho stengde Knut'en sin i svarte Kjellar inn og sette Eld paa Vegg og Tjeld, so høgt det til Himils skein. Haa, haa, kor det brenn! Sjaa kor Logen stend! Her reider me Seng, du Kloveberg-Dreng! Her luktar det heitt, her luktar det feitt, her steikjer me Flesk til Joli. Kom Haugkall or Hi', her hev du meg fri; kom Djevelbukk kaat og leika paa Tròt; kom Rise or Slott, her fær du det godt og varmt som Smør i Soli -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- Veslemøy fæler. So stygg ein SOng aldri høyrde ho nokon Gong. Men Trollskapen lær og dansar. Flyg og floksat med Staak og Styr som galne Dyr. Djevlar i Lufti tullar og flyr med Smell og svingande Svansar. Nordljos sloknande skjelv og skin. Vinden tyter, og Slaatten kvin gjenom dei myrke Kluftir. Kvin og yler med Skrik og Spott villt gjenom Nott; Trolldansen tumlar seg graatt-i-graatt yvi dei nakne Tuftir. . . . Nye Tonar vaknar og skjelv. Syng som Sus av den svævde Elv i drøymetunge Næter. Døyvt det klunkar som Tussespél i tronge Gìl; brusar fram som susande El og sturt og stusleg græter. -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- -- Fram dansar den Haugkall fager og blaa med Gullring um Haare som fløymer; han giljar for Veslemøy til og fraa, og Tonar ikring honom strøymer. »Aa hildrande du! med meg skal du bu; i Blaahaugen skal du din Sylvrokk snu. Der skal du hullast av Laat og Leik og fager i Dansen skride og gløyme alt som saara og sveik, og aldri lengte og lide. Kvart Ynskje du daa i Fagnad skal faa, og Møyande mine deg tena maa. Den eine reider ditt brune Haar, den andre bind det i Knute; den tridje Sylvkruna til deg naar; den fjorde jamnar di Pute; den femte so linn deg Solane bind; den sette veiftar ditt mjuke Kinn. Den sjuande spelar den Lange-Leik som Vinde i Skogane susar; den aattande snur deg den søte Steik, med' Øle i Staupe brusar; dei andre i Krans seg svingar i Dans og hullar og lullar din Hug og Sans. Den niande lint dei Lokkane kved um Møyar og giljande Sveinar; sjølv gjeng du Dronning i Dansen med, i Glans av glimande Steinar. Og ingin som du seg fagert kann snu, og ingin so lett traar den gyllte Bru.« »Og lite meg lokkar den Haugen blaa med Glans i glimande Salar; min vene Guten eg her vil sjaa; so song det for meg i Dalar. Aa Guten min du! paa deg vil eg tru, med deg vil eg byggje og alltid bu!« »Og vil du vìta den Guten blid, so sjaa deg att yvi Herdi! -- Du ser han i Lofte med Gjenta si; der gløymer han heile Verdi. So hev han det godt kvar langande Nott, og Haugtussa hev han til Spe og Spott.« Som Steinen stend ho i Grye kaldt, og Hjarta stivnar og isnar; no ser ho det vel; no hugsar ho alt, og Verdi for Veslemøy visnar. Ho vender seg graa. »No kann du meg faa. No kann eg gjerne i Haugen gaa.« Høgt hoppar den Haugmann paa nakne Sva; han maa vel sin Lagnad prise. »Men no skal du gløyme og vera glad. Fylg med, so skal eg deg vise min Herredom stor i Berg og i Jord og Gumle den gamle med Visdomsord!«
Text Authorship:
- by Arne Garborg (1851 - 1924), "Troll-Dans", appears in Haugtussa, in 10. Paa Skare-Kula, no. 8, first published 1895
Go to the general single-text view
Researcher for this text: Emily Ezust [Administrator]9. Fri  [sung text not yet checked]
Um Natti still ved Sengjekraa Veslemøy ser eit Kvende staa i lange myrke Klæde. Hjaa henne ser ho Syster si fager og ljos og aalvorsblid med Smil av heilag Glede. Ho kved so lint eit Kvæde: »Statt upp, statt upp, du Syster kjær! No er du løyst til betre Ferd, Høyr Helgeklokka klingar! Fraa alle Troll du laus deg vann. Og i di Sorg deg sjølv du fann. No upp mot høgre Ringar di styrkte Hug seg tvingar. Kom, fylg oss paa din nye Veg, som upp or Myrkheim fører deg til Ljos og klaare Dagar! Den Stig er bratt, den Veg er lang. Men ingin angrar denne Gang. Um trøytt du stundom klagar, til sist seg allting lagar. Her ser du Visdoms Volve staa. Ho vil deg gjeva djupt aa sjaa og store Røynslur herde. Ho bèr deg gjenom Helheims Gov; der skal du skimte Livsens Lov og gjenom Rædsle lære det Verk, som vert di Ære.«
Text Authorship:
- by Arne Garborg (1851 - 1924), no title, appears in Haugtussa, in 12. Fri, first published 1895
Go to the general single-text view
Researcher for this text: Emily Ezust [Administrator]9. I Blåhaug  [sung text not yet checked]
Vaat heng den tunge Lufti. Det dryp av Kvistir og Runnar. Myrkeskodd velter ollande inn or Hav og Himil-Grunnar som Skuggen lett og som Natti stinn. Burt kvervest Taarn og Tuftir og Haugar og alle Bøar. Som gløypt og gøymt av dei store Votn ligg Land under Tòkusjøar. Alt er som var det paa Havsens Botn. I lyngsvarte Markir inne Veslemøy Smalen sankar. Eit Havbrak susar fraa Vestansjø med Tòt og tunge Tankar. Ho glett i Holke og Flekkesnø. I Skodda inn ho hildrast og um paa Villheidi tumlar; dregst av Rop og flakkande Ljom og Gulp som or Aai mumlar. Det vaknar og lìver med Tussedom. Upp or dei djupe Hyljar stig som glidande Skuggar Nøkken blaa paa sin halve Hest og Vasstroll med vaate Luggar. Dei okar seg fram som dei orkar best. Or Haug blaae Heller rid lange Radi og Reidir fram yvi flekkut Grovemyr og inn dei lange Leidir med Om av Ringling og Rop og Styr. Som der ho gjeng i Draumar og slitst av dei saare Minne, so stend ho upp i ein Alvedans-Ring og er der som mana inne med Skodda tett som ein Vegg i Kring. * * * Vàr ho lyfter si Augne-Brun; daa er ho innpaa eit Kongsgards-Tun. Still ligg Garden i stengde Trygd, maaneskinsljos, i ein Firkant bygd. Tune er som ei Mose-Eng; Svalgangar breide ikringum gjeng. Rausti er blaae med gylte Flat; Sular av Sylv ber det Høge Tak. Bogar svære Sulane bind; d'er Orm og Drake, i Bugt seg vind. Slotte lyser, i Høgdi sterkt, med berre skinande Kopar tekt. Taarn seg lyfter med Glim og Tir; Gullhanar glor paa dei høge Spir. Som der ho stend, fortenkt og fortryllt, er heile Tune med Hovmenn fyllt. Det glitrar av Gull og Perleglans rein; det lyser av Sylv og av Glimestein. Fagre Møyar i kvite Lin av Sylgjur og Lad og Gulldobbar skin. Daa tinklar det stilt som av Bjøllur smaa, so vent at Veslemøy graate maa. Og upp det stryk med so vill ein Slaatt; Veslemøy er millom Graat og Laatt. Sist kjem det ein Lund so sæl og so blid; ho var kje so glad i si heile Tid. Fram dansar dei Møyar i ljose Rad: »her kann du alltid faa vera glad. Der ser du Kongen; vil her du vera, skal Dronning-Krune og Krans du bera.« Veslemøy ser den Haugkallen blaa Konge staut i Svalgangen staa. Kruna lyser som raude Glod; Purpure er som det heite Blod. Kongsstaven skin, av brennande Stein, som Elden gul og som Logen rein. Herleg er Kongen, fager og gild; -- all denne Stordom ho eige vil. Dansen gjeng yvi Tune kaat; Tonar lokkar og Felelaat. Aldri var ho so ør og glad; daa Møyane spurde, svara ho Ja. Det er dei Møyar i kvite Lin; dei flir henne Staupe breddfullt med Vin. »Drikk, so opnar seg Kongens Borg! Drikk, so gløymer du all di Sorg. Drikk av Staupe, og drikk det ut; Daa gløymest den hardaste Hjartesut. Tenk deg kje um, men gjer som me song! No bydst deg dette for siste Gong.« * * * Veslemøy bleiknar um brune Kinn; det gjekk henne kaldt gjenom Hug og Sinn. Veslemøy bleiknar um brune Vangar; Tanken vaknar og Minne fangar. »Skal burt eg gløyme mi Hjartesut?« -- »All di Sorg den sløkkjer me ut.« »Sløkkjer de Elden som heitast brenner?« -- »Naar Staupe er tømt, du Inkje kjenner.« »Ja vil de sløkkje den Suti heit, -- den kann eg kje misse for alt eg veit. Og fyrr eg vil sleppe den Suti hard, fytt gjeng eg og bed meg i kvar Manns Gard. Og fyrr eg vil gløyme den Sorg som brenn, fytt gjeng eg Narr i mi heile Grend. Ja fyrr eg vil gløyme Guten eg fann, fyrr gjeng eg Fanteferd Land og Strand. Ingin annan fær meg i Famn; no rev eg meg laus i Jesu Namn.« -- Ale er burte. I Skodda sansar ho liksom ein Skimt av kvervande Svansar.
Text Authorship:
- by Arne Garborg (1851 - 1924), "I Blaahaug", appears in Haugtussa, in 11. Den store Strid, no. 13, first published 1895
See other settings of this text.
Researcher for this text: Emily Ezust [Administrator]