by Per Sivle (1857 - 1904)
Gøym meg mor
Language: Norwegian (Nynorsk)
Smaaguten kviler ved Mor sin Barm, der er han so urædd og held seg so varm. Og sidan han leikar paa Golv og Tun. -- So byrjar Tora aa slaa yver Brun, og Rædsla kryp han nedyver Rygg. Daa spring han til Mor og vil kjenna seg trygg: "Mor, Mor, gøym meg, Mor!" Og Menneskja vankar so vida ikring, og kvar ho so gjeng, ja, so gjeng ho i Ring. Og naar ho so eingong fyr Aalvor vert trøytt, og allting er freista og allting er nøytt, so ligg ho og maurar og veit ikkje meir enn berre ei Lengting som Fugl til sitt Reir: "Mor, Mor, gøym meg, Jord!" Og eg var eit Barn, og eg er ein Mann, og mykje eg vanta, og lite eg vann. Eg vanka og flutte paa villande Fot, og jamnast so bar meg no Vegen imot. Og no er eg trøytt, og eg stundar til Natt, og berre ein einaste Sukk eg hev att: "Mor, Mor, gøym meg, Mor!"
Text Authorship:
- by Per Sivle (1857 - 1904), "Gøym meg Mor" [author's text checked 1 time against a primary source]
Musical settings (art songs, Lieder, mélodies, (etc.), choral pieces, and other vocal works set to this text), listed by composer (not necessarily exhaustive):
- by Geirr Tveitt (1908 - 1981), "Gøym meg mor", op. 166 no. 5 (1957) [voice and orchestra], from Sju Sivlesongar, no. 5. [text not verified]
Researcher for this text: Emily Ezust [Administrator]
This text was added to the website: 2009-09-13
Line count: 21
Word count: 165