Tungalda stig paa det store hav, langt burte fraa folk og land, og himmelljosi dei straar hennar barm med brikjande sylgjebrand. Lurer dei vonde augo. Ho rullar og mullar sin sorgtunge song, og blaanatti speglar seg av. Med bredande bôgar av kvite segl stig soli or morgonhav. Lurer dei vonde augo. Og segle mitt rider paa baarerygg og ter baade bratt og flatt; men under meg glorar dei glöypande troll og gapar den evige natt. Storstormen vaknar, og havnatti raar, og aukar med rôk og fôk. Alle trolli, no flotnar dei upp; for no er det Ragnarôk. Lurer dei vonde augo.
6 Sange til tekster af Anders Hovden og A. O. Vinje
by Eyvind Alnæs (1872 - 1932)
1. Tungalda  [sung text checked 1 time]
Authorship:
- by Anders Hovden (1860 - 1943) [author's text not yet checked against a primary source]
2. Den diktar aldri djupt  [sung text checked 1 time]
Den diktar aldri djupt, som berre ser paa gleda, for gleda som ein fugl maa laus paa kvisten kveda. Ein song, som rörde barm med fylle ströymde av, var alltid perleskum paa sorgis djupe hav. Det dansar dette skum og soli i det straalar, alt til det driver upp og smaa regnbogar maalar. Fraa djupet steig det upp, og det til himils maa, so fell det atter ned som dogg paa turre straa.
Authorship:
- by Aasmund Olavsson Vinje (1818 - 1870) [author's text not yet checked against a primary source]
3. Atterglöyma  [sung text checked 1 time]
Hardt å halda ut: enno ingen gut! Det er langt, so lenge vona! Mangein gut saag eg, som saag blidt paa meg; men han tok meg ikki til si kona. Ung var eg eingong full av dans og song, som den friske blom og blömde; gutar raudnad daa, naar dei paa meg saa; men eg eldest, og dei fraa meg roömde. Ja, dei drengir er blinde paa si ferd, stupa derfor tidt i laupet. Mangein spræker kar gifter seg for gard, fær so attaat gaasi med paa kaupet. Von er enno her: endaa baaten ber, um det slitast maa med austen. Enno koma kann han, som verdt min mann: beste ber verdt plukkat seint um hausten.
Authorship:
- by Aasmund Olavsson Vinje (1818 - 1870) [author's text not yet checked against a primary source]
4. Du naar maalet  [sung text checked 1 time]
Til det som du har din hjartehug, og det er det sama som din dug, paa sluten du koma vil, um annat du snur deg til. Kann henda, du kjerner nokot seint, og ikki til maals so fort og beint, men fyrr enn din döyanddag du finner dit hjartelag. Vi tyrsta mykit og drikka mangt, men gaa yver bekken alltid langt. So vada vi breidt og vidt, til fossen os teker tidt.
Authorship:
- by Aasmund Olavsson Vinje (1818 - 1870) [author's text not yet checked against a primary source]
5. So skal gjenta hava det  [sung text checked 1 time]
Den fagre gjenta skal ut og blenkja og læra gutarne stort at at tenkja. Den fagre gjenta skal sviva ut og te seg fram for den gilde gut. Den væne gjenta skal slik ein hava som hena frir fraa i mold at grava. Den væne gjenta skal slik ein faa, som hena setja kan haagt paa straa. Den beste gjenta skuld' altid vera for den, som kunde det beste gjera. Den fagre gjenta skuld' faa seg den, som kan litt meir enn dei andre menn.
Authorship:
- by Aasmund Olavsson Vinje (1818 - 1870) [author's text not yet checked against a primary source]
See other settings of this text.
Available translations, adaptations or excerpts, and transliterations (if applicable):
- ENG English [singable] (Julia von Bose)
6. Mold  [sung text checked 1 time]
Sams seng aat alle reidest, der me faar leggja oss ned kyrkjegarden den logne med eveleg togn og fred. Livsens lukka er draumar midt i eit fangereid. Livet det vert, naar ein vaknar audt som ei naki heid. Livsens voner er skodda, der ein i otte sit. Men naar so lufti klaarnar, missa ein maa sitt vit. Bröder, kveik ikkje ljoset, syn ikkje samanheng! Lat oss faa gaa med draumen til kvild i den store seng.
Authorship:
- by Anders Hovden (1860 - 1943) [author's text not yet checked against a primary source]
Total word count: 523