by Arne Garborg (1851 - 1924)
Mot Solegla See original
Language: Norwegian (Nynorsk)
Det stig av Hav eit Alveland med Tind og Mo; det kviler klårt mot Himmelrand i kveldsblå Ro. Eg såg det tidt som sveipt i Eim bak Havdis grå; det er ein huld, ein heilag Heim, me ei kan nå. Ho søv, den fine Tinderad i Draume-bann; men so ei Stund ved Soleglad ho kjem i Brann. Når dagen sig som Eld og Blod i Blåe-Myr, det logar opp med Glim og Glo og Æventyr. Det brenn i Brè og skjelv og skin med Gullan-Bragd, og Lufti glø'r i Glans av Vin, Sølv og Smaragd. Men av han døyr, den bleike Brann, som slokna Glo, og klårt som før ligg Alveland i kveldsblå Ro. Eg lengta tidt på trøytte Veg der ut til Fred; men Landet fyrst kan syne seg når Sol gjeng ned.
Composition:
- Set to music by Sigurd Lie (1871 - 1904), "Mot Solegla" [ voice and piano ], from Fire sanger fra "Haugtussa", no. 1
Text Authorship:
- by Arne Garborg (1851 - 1924), "Mot Solegla", appears in Haugtussa, in 8. Det vaarar, no. 1, first published 1895
Go to the general single-text view
Researcher for this text: Emily Ezust [Administrator]
This text was added to the website: 2009-06-22
Line count: 28
Word count: 134