by Ivar Andreas Åsen (1813 - 1896)
Livet
Language: Norwegian (Nynorsk)
Heimen er baade vond og god, det skifter med Sut og Gaman. Hæv er den, som med same Mod kann taka mot alt tilsaman. Vegen ligger so ymist til med Staup og store Krokar. Ein kjemer der, som ein ikkje vil, og fram i mange Flokar. Sveinen stemner i Vegen radt med stora Voner i Barmen; men Vegen verd honom tidt for bratt, og Voni møtest med Harmen. Um ei Stund han fær ein Stur, det heve sitt gamle Gjenge: Gleda gløymest, fyrr du trur, men Sorgerna sitja lenge. Kjem han sturen i Verdi ut, so fær han liten Fagnad; Verdi snur seg fraa all Sut og fraa ein Vesallmanns Lagnad. Ho vil, at Mannen skal stræva hardt og ikkje fraa Verket vika og aldri missa sitt Mod for snart, um endaa Vonerna svika. Strenge Dagar maa koma paa, men etter koma dei milde. Den største Hugnad me stundom faa, der minst me vona vilde. Lauvet fell um Hausten av, um Vaaren atter det spretter. Dauden herjar um Land og Hav, men Livet kjem alltid etter. Stormen sopar i Skogom hardt, so Tre og Kvister brotna; men grøne Kvister vil renna snart av Rotom til deim, som rotna. Kjært er Livet med all sin Harm; det klaarnar, alt som det gjenger. Men endaa treng eg ei Von i Barm um eit, som varer lenger.
C. Sinding sets stanzas 1, 7, 10
Authorship:
- by Ivar Andreas Åsen (1813 - 1896), "Livet" [author's text checked 1 time against a primary source]
Musical settings (art songs, Lieder, mélodies, (etc.), choral pieces, and other vocal works set to this text), listed by composer (not necessarily exhaustive):
- by Christian Sinding (1856 - 1941), "Livet", op. 28 no. 9 (1896), published 1896, first performed 1896, stanzas 1,7,10 [ voice and piano ], from Symra, no. 9, Leipzig, W. Hansen [sung text checked 1 time]
Research team for this page: Emily Ezust [Administrator] , Johann Winkler
This text was added to the website: 2020-03-30
Line count: 40
Word count: 224