by Arne Garborg (1851 - 1924)
Veslemøy
NOTE: the footnotes have been removed from this text; return to general view
Language: Norwegian (Nynorsk)
Ho er mager og myrk og mjaa Med brune og reine Drag Og Augo djupe og graa' Og stilslegt, drøymande Lag. Det er som det halvt um halvt Laag ein Svevn yver heile ho; I Rørsle, Tale og alt Ho hev denne døyvde Ro. Under Panna fager, men laag Lyser Augo som bak ein Eim; Det er som dei stirande saag Langt inn i ein annan Heim. Ho gjeng aat sin Omnskraabenk og set seg, men veit det knapt, og tek denne Mjølkeskjenk og sit der roleg fortapt. Berre Barmen gjeng sprengd og tung, Og det bivrar um Munnen bleik. Ho er skjelvande sped og veik, Midt i det ho er ven og ung.
View text with all available footnotes
Researcher for this text: Emily Ezust [Administrator]
Text Authorship:
- by Arne Garborg (1851 - 1924), "Veslemøy", appears in Haugtussa, in 2. Veslemøy synsk, no. 2 [author's text checked 1 time against a primary source]
Go to the general view
Researcher for this text: Emily Ezust [Administrator]
This text was added to the website between May 1995 and September 2003.
Line count: 20
Word count: 115