by Arne Garborg (1851 - 1924)
Language: Norwegian (Nynorsk)
Nei sjaa, kor det blaaner her! No maa me roe oss, Kyra! Aa nei, slike fine Bær, og dei, som det berre kryr a'! Nei Maken eg hev kje sét! Sùmt godt her er daa til Fjells. No vil eg eta meg mett; her vil eg vera til Kvelds! ... Men kom no den Bjønnen stor! - Her fekk bli Rom aat oss baae. Eg torde kje seia eit Ord til slik ein røsjeleg Vaae. Eg sa berre: "ver so god! No maa du kje vera bljug! Eg læt deg so vel i Ro; tak for deg etter din Hug." Men var det den Reven rau, so skuld' han faa smaka Staven; eg skulde banke han daud, um so han var Bror til Paven. Slikt skarve, harmelegt Sleng! Han stèl baade Kje og Lam. Men endaa so fin han gjeng ... hev korkje Agg hell Skam. Men var det den stygge Skrubb, so arg og so hol som Futen, -- eg tok meg ein Bjørkekubb og gav han ein god paa Snuten. Han reiv sund Sauir og Lam for Mor mi so traadt og tidt; ja sant! um han berre kom, ... skuld' han so visst faa sitt. Men var det den snilde Gut der burte fraa Skare-Bròte, han fekk vel ein paa sin Trut, -- men helst paa ein annan Maate. Aa Tøv, kva tenkjer eg paa! Det lid nok paa Dagen alt... Eg maa til Buskapen sjaa; -- ho "Dokka" drøymer um Salt.
Composition:
- Set to music by Edvard Grieg (1843 - 1907), "Blåbær-Li", op. 67 no. 3 (1895), published 1898, stanzas 1,3-6 [ voice and piano ], from Haugtussa, no. 3, Copenhagen
Text Authorship:
- by Arne Garborg (1851 - 1924), "Blåbær-Lid", appears in Haugtussa, in 9. Sumar i Fjelle, no. 6, first published 1895
Go to the general single-text view
Available translations, adaptations or excerpts, and transliterations (if applicable):
- ENG English (Nigel Parker) , copyright © 2022, (re)printed on this website with kind permission
- FRE French (Français) (Pierre Mathé) , copyright © 2012, (re)printed on this website with kind permission
- GER German (Deutsch) (Bertram Kottmann) , copyright © 2015, (re)printed on this website with kind permission
Researcher for this text: Emily Ezust [Administrator]
This text was added to the website between May 1995 and September 2003.
Line count: 48
Word count: 298