by Ivar Andreas Åsen (1813 - 1896)

Ute i verdi
Language: Norwegian (Nynorsk) 
Dei træla, dei træla
Fraa Morgon til Kvæld,
ja dei træla;
Dei stræva, dei stræva,
Det varer um Alder og Æva;
Dei freista alt, som dei kan vinna,
Dei sanka alt, som dei kan finna;
Ja dei leita, ja dei leita 
Etter alt det, som Vinningar kan heita.

Dei grava, dei grava
I Berg og i Myr,
ja dei grava;
Dei bygja, dei bygja
Paa Hus og paa Veg og paa Brygja.
Alle Jordi, trur eg, dei vil jamna,
All Malmen, trur eg, dei vil samna;
Ja dei emna, ja dei emna
Paa so mangt, som eg inkje veit aa nemna.

Dei kappast, dei kappast
som Hunden om Beini 
dei nappast;
Dei sumla, dei sumla,
Som Mauren um Tuva dei tumla.
Sin Skatt vil alle med sig föra
Igjenom den endelause Röra;
Til dei stupa, til dei stupa,
Og til andre kjem i Staden til aa krjupa.

Authorship

Musical settings (art songs, Lieder, mélodies, (etc.), choral pieces, and other vocal works set to this text), listed by composer (not necessarily exhaustive)

Available translations, adaptations, and transliterations (if applicable):


Researcher for this text: Emily Ezust [Administrator]

This text was added to the website: 2009-07-25
Line count: 27
Word count: 147